Ein samtale med Morten Holmefjord, Svein Arne Myhren og Magni RosvoldMellom bakkar og berg har reist til Fusa, ein times køyring frå Bergen, for å snakke med kunstnar, journalist og tidlegare monark Morten Holmefjord. Saman med folkemusikar Magni Rosvold og etnolog Svein Arne Myhren testar vi akustikken i det som kan bli eit nytt kulturhus i den gamle margarinfabrikken ved kommunesenteret Eikelandsosen. Morten Holmefjord er kanskje mest kjend som visekonge over «kongedømet Fusa» (2003-2005), som vart oppretta som del av eit kunstprosjekt. I episoden får vi høyre meir om historia til kongedømet, og diskuterer hans tid som «Fusakongen». Det blir vidare friske diskusjonar om strilamål og dialekt, motmakt og lokal identitet i kommunen «bak Os». Musikk:Vår i Våkefjell av Knut Eide, framført av Magni RosvoldSørgjegangaren etter spelehansen av Hans Bjørndal, framført av Magni RosvoldMellomspelmusikk ved Kven MacLoead:Pippin the Hunchback Kevin MacLeod (incompetech.com)Licensed under Creative Commons: By Attribution 3.0 Licensehttp://creativecommons.org/licenses/by/3.0/
Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.
Podchaser is the ultimate destination for podcast data, search, and discovery. Learn More